Valle kommune i Setesdal har store heieområder med høge toppar som omkransar dalføret langs kraftfulle Otra.
Valle kommune har ca 1100 innbyggarar fordelt på 1265 kvm2. Kommunen grenser til Bykle og Tokke i nord, Fyresdal i aust, Bygland i sør og Sirdal i vest. Busetnaden er spreidd langs Otra og ein har store, flotte heier på aust- og vestsida av dalen. Naturen er viktig for valldølen og hylstringen som brukar heiane både sommar og vinter. Hovudferdselsåra gjennom kommunen er RV 9 som strekk seg frå Kristiansand til Hovden. Lengda på Valle kommune etter RV 9 er 40 km.
Vasskrafta har spelt ei viktig rolle i utviklinga av kommunen. Med Otravassdraget og dei tilhøyrande kraftverk er Valle ein vasskraftkommune. Brokke kraftverk ligg på Nomeland på Rysstad og har ei middelproduksjon på 1970 GWh. Sira-Kvina vassdraget mot vest og Finndølavassdraget i aust er også knytta til kommunen. På heiene i aust og vest er det innsjøar, nokre av dei oppdemd til kraftproduksjon og nokre renn ned i dalen som elver og bekkar. På Setesdal vesthei finn vi Roskreppfjorden, magasin for Roskrepp kraftverk, ein del av Sira Kvina-utbygginga. På Setesdal austhei ligg mellom anna magasinet Hovvatn som har sitt utløp i Fyresdal og er ein del av Finndøla i Arendalsvassdraget. Gloppefossen som er 116 meter høg er ein del av Veiåni som renn frå Torvikvatn i Setesdal austhei. Fossen er eit kjent turmål i kommunen. I utbygginga av Brokke nord (Bykle) blei Gloppefossen skjerma og ein har fortsatt brusande vatn i fossen som renn ut i Otravassdraget.
Rettane frå vasskrafta gjev viktige inntekter til kommunen gjennom ordningar som eigedomsskatt, konsesjonskraft og konsesjonsavgifter.
Valle kommune er ein av dei fem kommunane i Agder som har eit høgare konsesjonskraftvolum enn dei har forbruk i kommunen. Det betyr at fylkeskommunen forvaltar den overskytande krafta og Valle bidreg då til ei verdiauke i heile Agder-regionen.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Saurdal | Ulla-Førre | 2,806 | ||
Kvilldal | Ulla-Førre | 2,934 | ||
Hylen | Ulla-Førre | 0,361 | ||
Duge | Sira-Kvina | 0,879 | ||
Tjørhom | Sira-Kvina | 0,921 | ||
Roskrepp | Sira-Kvina | 5,846 | ||
Kvinen | Sira-Kvina | 9,135 | ||
Solhom | Sira-Kvina | 14,251 | ||
Tonstad | Sira-Kvina | 27,955 | ||
Åna-Sira | Sira-Kvina | 3,414 | ||
Holen 1+2 | Otra | 3,434 | ||
Holen 3 | Otra | 0,495 | ||
Brokke | Otra | 40,916 | ||
Berlifoss | Arendalsvassdraget | 0,457 | ||
Rygene | Arendalsvassdraget | 0,558 | ||
Dynjanfoss | Arendalsvassdraget | 1,267 | ||
Åmfoss | Arendalsvassdraget | 0,078 | ||
Evenstad | Arendalsvassdraget | 0,257 | ||
Flatenfoss | Arendalsvassdraget | 0,153 | ||
Bøylefoss | Arendalsvassdraget | 0,906 | ||
Finndøla | Arendalsvassdraget | 4,713 | ||
Haukerei | Arendalsvassdraget | 1,656 | ||
Hekni | Otra | 4,475 | ||
Skarg | Otra | 0,466 | ||
Totalt volum Valle kommune | 128,330 |
Valle kommune er medlem av Setesdal Regionråd.