Bykle kommune ligg heilt nord i Agder med grenser til Vinje, Tokke, Sirdal, Forsand, Hjelmeland, Suldal og Valle. Kommunen på 1467 km2 har 1 057 (2025) innbyggjarar og to bygdesentra Hovden og Bykle. Hovden er regionens største vintersportssted og blir knytta til regionen gjennom RV9. Kommunens største inntektskjelde er vasskrafta og i konsesjonskraftsamanheng er dei ein av dei største kommunane.
Bykle kommune har store heieområder med store fjellvatn. I meir enn 100 år har kraftutbygging vore viktig, med sysselsetting i store prosjekt og inntekter av kraftproduksjonen. Det vert skapa store verdiar gjennom dei store fjellvatna og neddemde daler i kommunen, ikkje bare til Bykle, men også fylkeskommunen.
I Bykle ligg store dammar spreidd i landskapet og mange av dei er turistattraksjonar. Vatnedalsdammen med ei reguleringshøgde på 140 meter er eit massivt skue, det same med dammen som går over Sarvsjuvet i Bykle bygdesentrum. Lenger inn i heiene finn ein Blåsjømagasinet, ein av dei største innsjøane i Noreg. Blåsjø er hovedmagasin for kraftverka i Ulla-Førreverka i Rogaland og det største kraftmagasinet målt i energiinnhald.
| Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
|---|---|---|---|---|
| Saurdal | Ulla-Førre | 39,024 | ||
| Kvilldal | Ulla-Førre | 67,034 | ||
| Hylen | Ulla-Førre | 8,913 | ||
| Duge | Sira-Kvina | 8,646 | ||
| Tjørhom | Sira-Kvina | 8,419 | ||
| Tonstad | Sira-Kvina | 31,253 | ||
| Åna-Sira | Sira-Kvina | 3,809 | ||
| Holen 1+2 | Otra | 48,130 | ||
| Holen 3 | Otra | 24,036 | ||
| Brokke | Otra | 79,026 | ||
| Iveland | Otra | 8,993 | ||
| Nomeland | Otra | 3,643 | ||
| Steinsfoss 2 | Otra | 4,495 | ||
| Steinsfoss | Otra | 5,774 | ||
| Vigeland | Otra | 3,511 | ||
| Hunsfoss | Otra | 2,542 | ||
| Hekni | Otra | 7,391 | ||
| Skarg | Otra | 0,452 | ||
| Fennefoss | Otra | 1,174 | ||
| Totalt volum Bykle kommune | 356,266 |
Kjelde: Bykle kommune, snl.no, nve.no, wikipedia.no.