Iveland kommune ligg i Agder fylke.
Iveland er ein liten kommune på 261 km2 og 1331 innbyggarar. Kommunen grenser til Vennesla i sør og vest, til Evje og Hornnes i nordvest og i aust mot Birkenes. Kommunen har frå eldre tider ein kombinasjon mellom jord- og skogbruk i kommunen, noko so kommunevåpenet skildrar med ein sylvhammar på grønn botn.
I konsesjonskraftsamanheng er Iveland ein av kommunane som nyttar konsesjonskraft frå Ulla-Førre kraftverka som nyttar vatn som skulle runne ned Otra. I kommunen finn ein ærverdige Nomeland kraftverk, med sin vakre arkitektur. Kraftstasjonen nyttar Nomelandsdammen som demmer opp elva Otra. Nomeland kraftverk er eigd av Agder Energi og er den 11. største i Agder Energi konsernet.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Saurdal | Ulla-Førre | 0,833 | ||
Kvilldal | Ulla-Førre | 0,790 | ||
Hylen | Ulla-Førre | 0,095 | ||
Iveland | Otra | 5,804 | ||
Nomeland | Otra | 2,351 | ||
Steinsfoss 2 | Otra | 1,888 | ||
Steinsfoss | Otra | 3,068 | ||
Totalt volum Iveland kommune | 14,829 |
Kjelder: Agder Energi, Iveland kommune, Wikipedia.