Evje og Hornnes har eit areal på 587 km2 og ca. 3600 innbyggarar. Kommunen er ein del av Otradalføret og har ein variert natur med snaue heier, bratte lier og flatt jordbrukslandskap. Kommunen grenser til Bygland i nord, Iveland, Vennesla og Lindesnes i sør, Lyngdal og Åseral i vest og mot aust finn ein Froland og Birkenes kommunar. 

Med sine mange nabokommunar er Evje og Hornnes knytta til tre store vassdrag; Tovdal-, Otra- og Mandalsvassdraget. I konsesjonskraftsamanheng er ikkje Mandalsvassdraget ein del i fordelinga av konsesjonskraft, men som ein kan se av tabellen får Evje og Hornnes konsesjonskraft frå Ulla-Førrevassdraget og magasinet Blåsjø som ligg i Bykle kommune. Kraftverket Uleberg er førebels det einaste kraftverket som ligg innanfor kommunens grenser som kommunen tek ut konsesjonskraft frå. I 2015 vert det gitt konsesjon til kraftverk i Fennefossen, arbeidet starta i 2020 og vil gje konsesjonskraft til Evje og Hornnes kommune.

Fordeling av konsesjonskraft - Evje og Hornnes kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
SaurdalUlla-Førre 0,438
KvilldalUlla-Førre 0,564
HylenUlla-Førre 0,076
IvelandOtra 0,051
NomelandOtra 0,021
SteinsfossOtra 0,058
VigelandOtra 0,020
HanefossenTovdal 1,007
HunsfossOtra 0,014
UlebergOtra 1,234
FennefossOtra1,443
LislevatnTovdal0,79
Totalt volum Evje og Hornnes kommune5,716