Arendal er ein by og kommune aust i Agder fylke. Med ei kystlinje frå nordøst mot sørvest og en flott skjærgård er Arendal ein av Noregs sommarbyar.
I kommunen bur det ca. 45 000 menneske fordelt på 255,14 km2. Arendal grenser mot Grimstad i sørvest, Froland i nordvest og Tvedestrand i nordøst. I sør har kommunen kystlinje mot Skagerrak.
Utløpet til ei av landets største elver og havneområdet skal ha skapt Arendal by. Nidelva som renn frå vest danner nederste del av Arendalsvassdraget. Elva og vassdraget er utbygd med fleire kraftverk, mellom anna Rygene kraftverk som ligg på Grimstad si side av elva, kommunegrensa går i elva og Arendal har fallrettane. Frå Rygene kraftverk har Arendal kommune rett på konsesjonskraft og 8,589 GWh vert forvalta av KIKS.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Rygene | Arendalsvassdraget | 8,598 | ||
Totalt volum Arendal kommune | 8,598 |