Økonomi og rapportar
Konsesjonskraftinntekter er viktige for deltakarane til KIKS, og 1 øre/kWh utgjer om lag 9 millionar kronar i resultat. KIKS skal stå fram som open, påliteleg og transparent og ynskjer gjennom rapportar å gje innsyn i korleis vi forvaltar konsesjonskraftverdiane til deltakarane.
Månadsrapportane gjev primært innsyn i korleis resultatet påvirkast av kraftmarknaden, som i det alt vesentlige er det som avgjer resultatet til KIKS. Nedbør, magasinfyllingar, vind, kullpris og pris for CO2 kvotar er viktige drivarar for kraftprisen på kort og lang sikt. Gjennom risikostrategien handterast desse svingningane for å gje deltakarane forutsigbare og påreknelege inntekter.
Budsjett blir vedteken av representantskapet kvar haust og gir rammer til styret og administrasjonen på drift komande år. Kostnadane er rimeleg greie å budsjettere, mens det er relativt store svingningar i inntektene, grunna endringar i kraftprisane. Budsjett er vedteken basert på kraftpriser 31.08 året før budsjett. For å sjå meir oppdatert korleis utviklinga av resultatet er, sjå månadsrapport som nyttar oppdaterte kraftprisar.
Utbetalingsprognosane komande år vedtakast av representantskapet kvar haust, saman med estimat på utbetalingar i heile budsjettperioden. KIKS har sidan oppstart i 1984 utbetalt prognosen for komande år. Dette gjerast ved å sikre om lag 85% av krafta på førehand og nytte reservekapital i år kor spotprisen blir lavere enn budsjettert. Kvar deltakar får utbetalingsprognoser basert på kvar deltakars resultat og opparbeidd reservekapital.
Årsmeldingane er gode historiske dokument på oppnådde resultat og informasjon kring selskapets utvikling og satsingar attende i tid. Årsmeldingane vedtakast av representantskapet kvar vår og inneheld all offentleg informasjon som vert sendt til Brønnøysund.