Lyngdal kommune, ein kommune frå hav til hei, ligg vest i Agder.
Dagens Lyngdal kommune såg dagens lys 1. januar 2020 og er ei samanslåing av kommunane Audnedal og Lyngdal. Den same datoen fikk KIKS ein ny medlemskommune, då det var Audnedal som var medlem i Konsesjonskraft IKS før 1. januar 2020. Kommunen grenser til Hægebostad i nordvest, Åseral i nord, Evje og Hornnes i nordaust, Lindesnes i søraust og Farsund og Kvinesdal i Vest. Kommunen på 606 km2 har nesten 10 500 innbyggjarar.
Lyngdal kommune får konsesjonskraft frå kraftverka Bjelland og Tryland. For Bjelland kraftverk er Lyngdal fallkommune og for Tryland er dei magasinkommune.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Bjelland | Mandal | 2,853 | ||
Tryland | Mandal | 0,239 | ||
Totalt volum Lyngdal kommune | 3,092 |
Kjelder: nve.no, Lyngdal kommune, KIKS.