Strategiplan
FUNDAMENT
Verdiar
KIKS står for
- Truverde – KIKS skal vere open og ærleg
- Kvalitet – KIKS skal arbeide for å bli betre i alle ledd
- Tryggleik – KIKS skal vere godt budd på alle mulege hendingar
Etiske prinsipp
Tilsette og folkevalde skal:
- etterleve lover, reglar og menneskerettar
- stå fram ærleg og heiderleg
- syte for at KIKS står fram som ope, påliteleg og transparent
- ikkje gjere noko som kan skade truverdet til KIKS
- ikkje take mot eller gje gåver som kan påverke integriteten til KIKS
- ikkje nytte konfidensiell informasjon for å oppnå urettmessige fordelar på eigne eller på KIKS sine vegne
MÅL
Konsesjonskraft IKS skal vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane
DELMÅL
KIKS skal
- ha den administrative og operative risikoen under kontroll til ei kvar tid, både kortsiktig og langsiktig risiko
- trygge konsesjonskraftordninga som kommunal og fylkeskommunal rett
- trygge verdien av konsesjonskraftordninga
- sikre deltakarane påreknelege og stabile inntekter
- ha fokus på læring og kunnskap i alle ledd, frå administrasjon, styret, representantskap, deltakarkommunane og i skuleverket
- bistå deltakarkommunane i kraftrelaterte spørsmål
- søke samarbeid med andre miljø i konsesjonskraftspørsmål
- vere opne for utviding av den geografiske verkekrinsen, gjennom kommunar og fylkeskommunar i fellesskap
TILTAK
Ha den administrative og operative risikoen under kontroll til ei kvar tid, både kortsiktig og langsiktig risiko
KIKS skal
- ha oversikt over alle risikofaktorar og sette i verk tiltak for å kontrollere desse
Trygge konsesjonskraftordninga som kommunal og fylkeskommunal rett
KIKS skal
- orientere kommunestyre og fylkesting om status og utfordringar
- halde seminar, gjerne saman med Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) og Samarbeidande kraftfylke, for Sørlandsbenken og Energi- og miljøkomiteen på Stortinget
- synleggjere utfordringar som KIKS står overfor i aktuelle fora i landsdelen
- ha jamleg kontakt med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og gjennomføre møte med NVE og departementet når det er tenleg eller naudsynt
Trygge verdien av konsesjonskraftordninga
KIKS skal
- bruke heimesida til å spreie nøkkelinfo og kunnskap om kor viktig vasskrafta er for kommunar og fylkeskommunar
- nytte hydrologisk og/eller juridisk ekspertise for å kvalitetssikre grunnlaget for viktige avgjerder
- vere oppdatert på planlagde utbyggingar og revisjonar med verknad for konsesjonskraftvolumet og/eller kommunane sitt skatteproveny
- byggje nettverk
- ha god kunnskap om vassdragsutbygginga med hovudfokus på eigen geografisk virkekrins
Sikre deltakarane påreknelege og stabile inntekter
KIKS skal
- halde gjeldande risikostrategi levande og evaluere/ endre denne jamleg
- ha tilstrekkeleg reservekapital for å kunne handtere svingingar i inntektene og gjennomføre avviksoppgjer på vegne av deltakarkommunane
Ha fokus på læring og kunnskap i alle ledd, frå administrasjon, styret, representantskap, deltakarkommunane og i skuleverket
KIKS skal
- utvikle og trygge administrativ og fagleg kunnskap
- syte for styreopplæring, som fast punkt i kvart styremøte
- utvikle eit samarbeid med eksterne rådgjevarar som gjev meirverdi både til KIKS og rådgjevaren
- gjennomføre seminar med aktuelle tema for tilsette i deltakarkommunane
- gjennomføre pedagogiske opplegg i skuleverket, frå ungdomsskule til universitet
- samarbeide med LVK om prioriterte utfordringar
- samarbeide med akademiske miljø for fagleg og organisatorisk utvikling
Bistå deltakarkommunane i kraftrelaterte spørsmål
KIKS skal
- sørgje for at det er tilgong på hydrologisk kompetanse for deltakarane i KIKS.
- vere synlege for deltakarkommunane og eit kontaktpunkt i kraftrelaterte spørsmål.
Søke samarbeid med andre miljø i konsesjonskraftspørsmål
KIKS skal
- Samarbeide med LVK og Kraftfylka på nasjonalt nivå om saker som er i KIKS si interesse
- Samarbeide med andre organisasjonar som arbeider for konsesjonskraftmottakarane sine interesser
Vere opne for utviding av den geografiske verkekrinsen, gjennom kommunar og fylkeskommunar i fellesskap
KIKS skal
- vere opne for å diskutere muleg vidare utviding dersom vi får ein slik førespurnad, med vilkår om at konsesjonskraftkommunar og fylkeskommunen blir deltakarar i fellesskap