Konsesjonskraft IKS har utarbeida eit levande strategidokument som ligg til grunn i alle handlingar i selskapet. Det er viktig at ein etterlever sine satte verdiar og etiske prinsipp slik at selskapet er ein open og trygg organisasjon. Dei tilsette, saman med styre og representantskap står for dei tre verdiane, slik vil KIKS vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane og gjere ein skilnad for deltakarane. 

Vårt fundament er danna av tre verdiar.

  • Truverde - KIKS skal vere open og ærleg
  • Kvalitet - KIKS skal arbeide for å bli betre i alle ledd
  • Tryggleik - KIKS skal vere godt budd på alle mulege hendingar

For å kunne ivaretake verdiane til verksemda skal tilsette og folkevalde:

  • etterleve lover, reglar og menneskerettar
  • stå fram ærleg og heiderleg
  • syte for at KIKS står fra som ope, påliteleg og transparent
  • ikkje gjere noko som kan skade truverdet til KIKS
  • ikkje take mot eller gje gåver som kan påverke integriteten til KIKS
  • ikkje nytte konfidensiell informasjon for å oppnå urettmessige fordelar på eigne eller på KIKS sine vegne