Samarbeidet starta i Aust-Agder i 1984, og blei utvida med Vest-Agder i 2014. Konsesjonskraft IKS sørger for at konsesjonskrafta blir omsett i marknaden og prissikra i samsvar med den fastsette risikostrategien.

Vi byggjer kompetanse lokalt og arbeider for å trygge konsesjonskraftordninga samstundes som vi skal sikre deltakarane gode og påreknelege inntekter av krafta. Desse inntektene er viktige for både den kommunale velferdsproduksjonen og for utvikling av infrastruktur og næringsliv i regionen.

Konsesjonskraft IKS er skipa med heimel i lov om interkommunale selskap og er eit interkommunalt selskap. Selskapsavtala 2020-2029 gjelder i tillegg til IKS-lova. 

Hovudoppgåva til Konsesjonskraft IKS er forvaltning av konsesjonskraft for deltakarkommunane. Representantskapet er selskapets øvste organ og har to møter i året. Styret er valt av representantskapet for ein periode på 4 år. Styret har jamnlege møter gjennom året. Porteføljeutvalet er eit rådgjevande organ beståande av kommunedirektørar og økonomileiarar frå deltakarkommunane. 

Sjå våre styringsdokument for ytterligare informasjon om organisering.