Bakgrunn og målsetting

Målsettinga er å forvalte konsesjonskrafta med heimel i selskapsavtalen mellom deltakarane av KIKS og denne risikostrategien.

KIKS skal drive krafthandel innanfor gjevne rammer for å kunne utbetale tilfredsstillande og pårekneleg avkasting til deltakarane. KIKS må difor ta posisjonar i marknaden, noko som fører med seg risiko. Risikostrategien skal styre og regulere denne risikoen.

Styret i Konsesjonskraft IKS er ansvarleg for Risikostrategien og at den vert evaluert årleg. Styret skal to gonger i året orientere representantskapet om erfaringane med gjeldande risikostrategi, om det evalueringsarbeidet som går føre seg og eventuelle endringar.

Ansvar og kompetanse

Dagleg leiar er ansvarleg for å organisere krafthandelen.

Dersom dagleg leiar må vere ansvarleg for den operative krafthandelen, går ansvaret til dagleg leiar som fylgjer under, over til styreleiar.

Ansvarleg for krafthandel i Konsesjonskraft IKS har ansvar for:

  • at sikrings- og risikorammer skal haldast.
  • det operative ansvaret for handel på børs og for den bilaterale handelen.
  • å syte for at involverte parter i praktiseringa av krafthandelsfunksjonen har nødvendige fullmakter

Dagleg leiar i Konsesjonskraft IKS har ansvaret for:

  • all rapportering
  • at risikostrategien er godt kjent av alle den får verknad for
  • at selskapet følgjer strategien
  • at det vert sett i verk tiltak dersom rammene ikkje vert haldne
  • at kompetent personale løyser oppgåvene, og at kjernekompetanse er spreidde på fleire personar

Controller skal sjå til at krafthandel, oppfølging og rapportering skjer i samsvar med
risikostrategien. 

Definisjonar

KIKS kjøper konsesjonskraft frå alle kraftverka som anten ligg innanfor det geografiske området deltakarane representerer eller som nyttar regulert vatn som kjem frå fall og magasin frå dette geografiske området.

Konsesjonskrafta vert anten seld fysisk på Nordpool Spot eller fysisk bilateralt. Vidare vert det handla finansielle instrument på Nasdaq OMX og/eller inngått bilaterale finansielle avtalar. Risikostrategien styrer både den fysiske og finansielle handelen.

Viktige definisjonar for krafthandel

Sikring

Finansielt sal av framtidig fysisk kraftleveranse

Sikringsperiode
Perioden ein gjennomfører sikring for.

Sikringsgrad
Kor stor prosentdel av krafta som er sikra innanfor sikringsperioden

Jamn sikring
Ein simulert krafthandel som handlar lik mengde kraft kvar handledag.
Sikringsgraden aukar jamt for kvar handledag.

Motpartsrisiko
Risiko for ein kontraktmotpart ikkje kan eller vil innfri fordringane, til
dømes fordi han går konkurs. Risikoen er då at KIKS tapar pengar
gjennom at ein god kontrakt må bytast ut med ein dårlegare kontrakt

Administrativ risiko
Samlerisiko for system, personar og interaksjonar mellom dei.

Clearing
Børsen (Nasdaq OMX commodities) vert mellomledd og tek bort motpartsrisikoen ved handel

Månadsblokkmodell
Tabell utarbeidd av NVE som bestemmer den månadsvise fordelinga av konsesjonskraftmengde i kalenderåret.

Rebalansering
Kjøp eller sal av kvartals- og månadsprodukt for å sikre krafta etter månadsblokkmodellen

Områdeprisrisiko
Den fysiske krafta vert levert i NO2 (Sør-Noreg), mens handel på Nasdaq OMX commodities vert på systemprisen. Prisforskjellen blir kalla områdeprisrisiko

Organisering av krafthandelen

Krafthandelen skal optimaliserast innafor fastsette rammer og mynde. Handelen er difor delt i ulike porteføljar. Porteføljar som femnar om sikringsposisjonar skal skiljast frå porteføljar som inneheld risiko.

Alle finansielle kontraktar som KIKS gjer skal gjennomgå clearing på NASDAQ OMX
commodities Europe dersom ein ikkje har avtalt anna. Tilgong til handel på NASDAQ OMX commodities Europe kan gjerast gjennom direkte medlemskap eller gjennom avtale med forvaltar. Dette vert gjort for å eliminere motpartsrisiko. Dersom clearing ikkje kan gjennomførast, skal motparten vurderast og godkjennast av styret før kontrakten er endeleg. 

SIKRINGSSTRATEGIAR
Normalstrategi
Sikringa startar 3 år før det aktuelle året som skal sikrast.
Ved jamn sikring vil sikringsgraden vere 85 % den 31. desember for komande leveringsår. Valutasikring skal gjennomførast samtidig med kvar sikringshandel. Områderisiko skal normalt ikkje sikrast, men status mot budsjettramma skal rapporterast til styret og porteføljeutvalet i kvart møte. Sikring skjer som handel etter ordre.
Avvikshandel
Dersom marknadsprisen ikkje reflekterer marknadssynet til administrasjonen, kan dagleg leiar velje å sjå vekk frå normalstrategien.

Dagleg leiar kan avvike frå jamn sikring med inntil 600 GWh for heile sikringsperioden.
Storleiken på avviket jamfør jamn sikring, og grunngjeving for denne, skal rapporterast til styret i kvart styremøte.

PÅREKNELEGE UTBETALINGAR
Det er svært viktig for deltakarane med påreknelege utbetalingar. Så lenge ein ikkje er 100% sikra er det derfor nødvendig med ein reservekapital som kan nyttast for å kunne garantere utbetalingar fram i tid.

RAMMER FOR RISIKOPORTEFØLJER
I tillegg til sikringshandlar kan KIKS ta risiko for eiga rekning. Endeleg risikokapital for
vedkomande år vert vedteke i kvart budsjett.
Total risiko for KIKS kan delast i fleire porteføljar. Dagleg leiar får fullmakt til å fastsetje om porteføljen skal delast og korleis den eventuelt skal delast.
Open posisjon skal følgje Nasdaq OMX sin utrekningsmetode for marginkrav. Den opne
posisjonen for denne risikoporteføljen må aldri vere meir enn 50 % av maksimalt tap (stop loss). 

RAPPORTERING OG DOKUMENTASJON
Styret skal kvar månad få rapportar som syner:

  • Resultatet av den totale kraftomsetninga
  • Status områderisiko og rest avsett budsjettramme
  • Dei eventuelle vedtaka dagleg leiar har gjort i samsvar med delegert mynde heimla i denne risikostrategien og dei økonomiske resultata desse vedtaka har ført til.
  • Mogelege avvik mellom sikringsstrategi og dei sikringshandlane som er gjennomførte.

Rapporten skal også stadfeste at sum transaksjonar til kvar tid ligg innafor fastsette rammer eller heimla i delegert mynde etter denne risikostrategien. Dersom grensene ikkje er haldne, skal dette rapporterast til styreleiar.