Vassdragsreguleringslova
Vassdragsreguleringslova omhandlar magasinering og overføring av vatn. Lova blei fyrst gitt i 1917, men gjennomgjekk ei større revidering i 2017 (i kraft frå 1.1.2018).
I vassdragsreguleringslova § 3 fylgjer det at for andre enn staten er det krav om konsesjon for vassdragsreguleringar og overføringar for produksjon av elektrisk energi. 
Ein krev konsesjon i dei tiltaka som aukar vannkrafta med minst 500 naturhestekrefter i eitt eller fleire vannfall som kan utnyttast under eitt, eller med minst 3000 naturhestekrefter gjennom heile vassdraget.  I tillegg vil det i dei tiltaka som aleine eller saman med tidlegare reguleringar eller overføringar påverkar naturforholda eller andre allmenne interesser vesentleg, vere krav om konsesjon, sjå vassdragsreguleringslova § 3 fyrste ledd bokstav c).
I vassdragsreguleringslova får overført vatn og regulert vatn same kraftauken.

Vidare heiter det i vassdragsreguleringslova § 22 fylgjande: 
I konsesjonen skal det bestemmes at det skal avståes til kommuner og fylkeskommuner som kraftanlegget ligger i, inntil 10 prosent av den for hvert vannfall innvunne økning av vannkraften beregnet etter reglene i § 14 annet ledd, jf. § 3 fjerde ledd.
Konsesjonar gjevne etter vassdragsreguleringslova er i denne handboka kalla reguleringskonsesjonar.


Vannfallrettighetslova  
Vannfallrettighetslova heitte tidlegare Industrikonsesjonslova eller Ervervslova. Desse lovene var frå 1917, og gjennomgjekk ei større revidering i 2017 (i kraft frå 1.1.2018). Ved denne revideringa endra lova namn, men innhaldet er tilsvarande som tidlegare. 
Vannfallrettighetslova regulerer eigarskapen til vasskraftressursane i Norge. Denne lova vert nytta både i kraftutbyggingssamanheng og ved eigarskifte/andre endringar i eigarskapen.
Det fylgjer av vannfallsrettighetslova § 2 at ein utbyggar (med unntak av staten) må ha konsesjon for å erverve eigedomsrett til vannfall som vil kunne gi meir enn 4000 naturhestekrefter, anten aleine eller i samband med andre vannfall som kan byggast ut under eitt. Konsesjon gir rett til å utnytte vannfallet som kraftkjelde. 


Vidare heiter det i vannfallrettighetslova § 19 fylgjande: 
I konsesjonen skal det bestemmes at konsesjonæren skal avstå til kommuner og fylkeskommuner som kraftanlegget ligger i, inntil 10 prosent av gjennomsnittlig kraftmengde vannfallet etter foretatt utbygging kan yte med påregnelig vannføring år om annet. Avståelse og fordeling avgjøres av departementet med grunnlag i kommunens behov til den alminnelige elektrisitetsforsyning. 
Med denne berekninga, vil uttak av konsesjonskraft etter Vannfallrettighetslova gi meir konsesjonskraft enn etter Vassdragsreguleringslova. Denne auken vert større jo lengre ned i vassdraget kraftverket ligg.
Konsesjonar gjevne etter vannfallrettighetslova er i denne handboka kalla ervervskonsesjonar.

  • Døme 1: Bjelland kraftverk, Mandalsvassdraget  

 «I medhold av ervervsloven av 14. desember 1917 gis Vest-Agder elektrisitetsverk tillatelse til erverv av fallrettigheter i Mandalsvassdraget for utbygging av Bjelland kraftverk på de vilkår og under den forutsetning som er tatt inn i Industrideparttementets foredrag av 16. juni 1972»
Denne konsesjonen saman med ein ny ervervskonsesjon frå 1986 i samband med at Bjelland kraftverk fekk ny eigar  gjer at all konsesjonskraft frå dette kraftverket, og frå konsesjonar før 1959 vert levert til OED-pris. Denne ervervskonsesjonen fører og til at Bjelland kraftverk avgjev ca 26% meir konsesjonskraft enn det som følgjer av tidlegare reguleringskonsesjonar.

  • Døme 2: Holen kraftverk, Otravassdraget

I konsesjon av 15/11 1974 får Otteraaens Brugseierforening  løyve til ytterlegare reguleringar og overføringar i Otravassdraget og I/S Øvre Otra løyve til å erverve manglande fallrettar.
Dette fører til at all konsesjonskraft frå Holen kraftverk vert levert til OED-pris; dette gjeld  og konsesjonskraft frå konsesjonar gjevne før 10/4 1959; dette sjølv om ervervskonsesjonen gjeld berre ein del av fallet(partielt erverv). Denne ervervskonsesjonen fører og til at Holen I/II avgjev ca 20% meir konsesjonskraft og Holen III avgjev ca 6% meir enn det som følgjer av gjevne reguleringskonsesjonar.
Denne ervervskonsesjonen var naudsynt av di utbyggjar ikkje rådde over alle fallrettane.
 

  • Døme 3: Hekni kraftverk, Otravassdraget

Ved kgl res av 13/10 1989 gjorde regjeringa gjennom kgl. res dette vedtaket:
«I medhold av lov om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom av 14.desember 197 og lov om vassdragene av 15.mars 1940 nr 3 får Aust-Agder kraftverk og Vestfold kraftselskap tillatelse til erverv av fall og til ekspropriasjon for utbygging av Hekni kraftverk i Otra på de vilkår som fremgår  av Olje- og energidepartementets foredrag av 13/10 1989.»
Dette betyr at konsesjonskraft heimla i reguleringskonsesjonar gjevne før 1959 som vert utnytta i Hekni kraftverk  skal leverast til OED-pris. Denne ervervskonsesjonen fører og til at Hekni kraftverk avgjev ca 20% meir konsesjonskraft enn det som følgjer av gjevne reguleringskonsesjonar.
Denne ervervskonsesjonen var naudsynt av di utbyggjar ikkje rådde over alle fallrettane. 


Vannressurslova
Vannressurslova har som formål å sikre ein samfunnsmessig forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn, jf. § 1. Det heiter i vannressurslova § 8 at ingen må iverksette vassdragstiltak utan «konsesjon fra vassdragsmyndighetene». Vidare finne ein nærmare reglar om konsesjon til vassdragstiltak i kapittel 3. 
Vannressurslova heimlar i seg sjølv ikkje rett på konsesjonskraft. Elvekraftverk og småkraftverk som ikkje har reguleringsmoglegheit blir i dag som oftast bygt ut etter denne lova.
Det er likevel viktig å vere merksam på at dersom kraftverket blir bygd ut i allereie  regulerte og/eller overførte vassdrag, så skal kraftverket likevel levere konsesjonskraft. Dette  fordi kraftverket drar fordeler av reguleringar lengre opp i vassdraget.  

  • Døme: Uleberg kraftverk i Evje og Hornnes kommune  

Kraftverket er bygd ut i medhald av vannressurslova, som i seg sjølv ikkje heimlar konsesjonskraft. Men kraftverket nyttar regulert vatn som er heimla i ein tidlegare gjeven reguleringskonsesjon (2003), og gjev dermed 1,8 GWh konsesjonskraft.