NVEs rolle i høve arbeidet med uttaka av konsesjonskraft
NVE reknar ut kraftgrunnlag konsesjonskraft og gjer vedtak om fordeling av konsesjonskraft, men dette skjer ikkje før etter at kraftverket har vore i drift i nokre år.
           
Når har kommunen/fylkeskommunen rett til å take ut konsesjonskraft?
Retten til uttak av konsesjonskraft oppstår når vatnet vert teke i bruk til kraftproduksjon. Kommunen/fylkeskommunen må varsle uttaket og retten vert effektiv etter eitt år. Leveringsplikten gjeld sjølv om ikkje NVE har gjort vedtak om kraftgrunnlag og fordeling av konsesjonskrafta.

Oppfølging av  nye konsesjonssøknader
Heimesida til NVE (www.nve.no) har oversikt over handsaminga av vassdragskonsesjonar etter vassdragsreguleringslova, vannfallrettighetslova og vannressurslova. I Meddelte vassdragskonsesjoner til st. prp. 1 Statsbudsjettet  for kvart  år finn ein dei gjevne vassdragskonsesjonar for foregåande år utførleg dokumentert.

Konsesjonskraft IKS arbeider slik:
www.nve.no/konsesjonssaker vert sjekka minst ein gong kvar veke for å sjå om det er nye konsesjonssaker og om tidlegare søknader har endra status frå under handsaming til på  høyring; frå på høyring til ferdig handsama.

For saker etter vannressurslova vert det kontrollert om vedkomande kraftverk nyttar tidlegare  gjevne reguleringskonsesjonar/ervervskonsesjonar. Dersom det er tilfelle, vil kraftverket måtte levere konsesjonskraft og betale konsesjonsavgift.

Konsesjonen er gjeven:
Det vert etablert kontakt med konsesjonær der ein spør om når dei forventar ei investeringsavgjerd. Det vert gjort ei førebels vurdering av konsesjonskraftkvantum og kva for kommunar som har rettar. 

Vurdering av lønsemd
Dersom kraftverket skal levere konsesjonskraft til OED pris, er eit framtidig uttak pr. dato lønsamt. Dersom kraftverket skal levere konsesjonskraft til sjølvkostpris (heilt eller delvis) i medhald av konsesjonar som er gjevne før 1959, vert det henta  inn investeringsdata og prognose for driftskostnader frå konsesjonæren. Det må då gjerast eit anslag på middelproduksjon (delingsfaktoren) i samråd med konsesjonær. Dersom utrekna sjølvkostpris er høgare enn marknadsprisen, vert det førebels ikkje varsla uttak.

Saka vert då lagt til observasjon i ljos av utviklinga av marknadsprisen- det vert etablert rutinar på dette saman med  eventuell krafthandlar/forvaltar.
 
Når uttaket er lønsamt
Dersom konsesjonskrafta er vurdert til å vere lønsam, og konsesjonæren tek investeringsavgjerd, vert det gjennomført ei utrekning av konsesjonskraftkvantum. Det vert gjort ei vurdering av kost i høve til nytte utifrå storleik konsesjonskraftkvantum. Dersom konsesjonskraftkvantum er minimalt er det aktuelt å late vere å følgje opp saka i det heile. Utkastet til utrekning vert sendt til konsesjonær saman med utkast til akonto avtale utan avrekning for tida som går frå kraftverket er i produksjon/ny konsesjon er teken i bruk og fram til NVE gjer vedtak om kraftgrunnlaget og  fordeling av konsesjonskraftkvantum.

Tingingar med konsesjonær
Dersom konsesjonær krev avtale om førebels levering med avrekning for perioden som går fram til NVE har berekna konsesjonskrafta, vil ein måtte akseptere dette. For små volum frå einskildkraftverk er det ein føremonn med  avtalefesta finansiell  årleg avrekning. Dersom konsesjonær setter seg imot levering av konsesjonskraft fram til NVE har gjort vedtak, vil ein måtte følgje opp saka rettsleg. Dette av di leveringsplikten for konsesjonskrafta gjeld frå det tidspunktet vatnet er teke i bruk til kraftproduksjon. Pr i dag har ikkje Konsesjonskraft IKS måtte gjere dette.  Akonto avtale om uttak skal avløysast av ein permanent avtale når NVE har gjennomført utrekninga og gjort vedtak om fordeling.