Organisering:
Det einskilde  vassdraget må sjåast på som ein heilskap når det gjeld vassdragskonsesjonar.  Grunnen er at nye konsesjonar og endringar i eksisterande konsesjonar kan ha verknad for kraftkommunanes rettar både nedstraums og oppstraums. Sidevassdrag  og tilførte/fråførte vassdrag kan og vere ein del av verkekrinsen. Nedstraums gjeld dette kraftgrunnlaget, oppstraums gjeld dette prisvilkåra. For sidevassdrag og tilførte/fråførte vassdrag gjeld dette først og fremst fordelinga av konsesjonskrafta  mellom kommunane. Eit godt operativt arbeid føreset ei eller anna type organisert interkommunalt samarbeid. 

  • Døme 1: Stora Blåfjell-pumpe i Ulla Førre

I 2013 fikk Statkraft konsesjon etter vassdragsreguleringslova  til å regulere og overføre vatn til Blåsjømagasinet gjennom å bygge Blåfjell pumpe i Hjelmeland kommune. Denne konsesjonen fører til at det vert pumpa vatn opp i Blåfjellmagasinet og til  kraftauke i mellom anna Saurdal kraftverk. Bykle kommune har meir enn halvdelen av Blåsjømagasinet og har soleis rett på konsesjonskraft . Kommunen var likevel  ikkje høyringsinstans i konsesjonssaka.  Aust-Agder fylkeskommune som har den sekundære retten var heller ikkje involvert i sakshandsaminga. Sakshandsaminga i einskildsaker frå NVE/OED kan slik det er synleggjort her, vere ei hindring for at kommunane/fylkeskommunane kan følgje opp sine rettar optimalt.

  • Døme 2: Fennefoss Kraftverk, Otravassdraget

Agder Energi Vannkraft AS fekk i 2013 konsesjon etter vannressurslova til å byggje Fennefoss Kraftverk. Utbygginga skjer i eit regulert vassdrag og eit realisert kraftverk vil heimle både konsesjonsavgift og konsesjonskraft. Av saksdokumenta frå NVE ser det ut som det er Evje og Hornnes kommune som åleine har rett på konsesjonskraft ved ei eventuell utbygging. Dette er ikkje rett, av di både Bykle og Bygland kommunar- i tillegg til Aust-Agder fylkeskommune, har rett til konsesjonskraft. Desse kommunane/fylkeskommunen er ikkje høyringsinstans i saka.

Økonomisk potensiale:
Konsesjonskraft IKS  forvaltar 884 GWh årleg, om lag 12% av den samla konsesjonskrafta i Noreg; i dag har vi  avtaler om 18 GWh a konto årleg  levering på bakgrunn av hydrologiske vurderingar og tingingar med kraftselskapa. Dersom ein reknar ein vinst på 20 øre/kWh har dette ein årleg verdi på 3,6 mill. kr. I tillegg kjem vinsten i å arbeide konsistent med prisen på konsesjonskrafta. Dersom dette arbeidet kan leggast opp praktisk innafor eksisterande ressursar , vil det vere eit økonomisk potensiale både for kommunar og fylkeskommunar.

Avsluttande kommentar:
Målet er å ta ut lønsamt og rett konsesjonskraftkvantum til rett tid til rett pris.
Det er ikkje alltid alle berørde kommunar blir tatt med i sakshandsaminga til NVE, og dette er noko kommunane må vere merksame på. Eit døme på dette er Uleberg kraftverk, der konsesjonskraftspørsmålet er ikkje  omhandla korkje i søknaden eller i NVEs handsaming av saka. På kommunenivå er det berre Evje og Hornnes kommune som er involvert i sakshandsaminga, medan konsesjonskraftrettane i tillegg femnar om Åseral og Bygland kommunar. Dette gjer at kommunane må sjå på dei einskilde vassdraga som ein heilskap.