Konsesjonar gjevne etter 10/4 1959
Konsesjonskraft frå reguleringskonsesjonar/konsesjonar etter vannfallrettighetslova gjevne etter  10.april 1959 skal leverast til ein pris fastsett av Olje og Energidepartementet, ein såkalla OED-pris. Dette er eit gjennomsnitt av sjølvkostprisen for eit utval kraftverk i Noreg. Prisfastsetjinga byggjer på retningsliner frå 2003 og vert fastsett årleg basert på framskrivne rekneskapstal og gjeldande middelproduksjon. Alle middelproduksjonstal er simulert utifrå tilsigsserien 1970-99.
                        
Utrekninga av OED-prisen er komplisert og datagrunnlaget for utrekninga er lite tilgjengeleg.Konsesjonskraft IKS kontrollerer denne utrekninga årleg med dei avgrensingar som det offentlege tilgjengelege datagrunnlaget gjev.

«Sira-Kvina» prisen
Denne prisen er heimla i ein høgsterettsdom frå 1978 og gjeld mellom anna konsesjonskraft frå konsesjonar  som vart gjevne i 1963,1977 og 1978.
Prisen er berekna på same måten som OED-prisen, men gjeld berre for kraftverka i Sira-Kvina. Prisen er i dag om lag 4 øre/kWh lågare enn OED-prisen. Prisen er eit tema i pågåande vilkårsrevisjon.

Konsesjonar gjevne før 1959
Konsesjonskraft frå reguleringskonsesjonar/ervervskonsesjonar frå før  10.april 1959 skal leverast til sjølvkostpris for det gjeldande kraftverket. 

Dette er delar av den standardformuleringa som går fram vassdragskonsesjonar gjevne før 10/4 1959:«Kraften leveres til en maksimalpris beregnet på å dekke produksjonsomkostningene der innebefattet 6% rente av anleggskapitalen med tillegg av 20%.»

  • Døme:

Dersom det vert gjeve konsesjon etter vannressurslova til å byggje eit nytt kraftverk/oppruste eit eksisterande kraftverk i eit vassdrag med reguleringskonsesjonar frå før 1959, vil den delen av konsesjonskrafta som skriv seg frå desse konsesjonane verte ulønsam både på kort og relativt lang sikt. Grunnen til dette er at sjølv om prisberekninga inkluderer årleg avskriving, vert ikkje kapitalgrunnlaget nedskriva. Vidare vert det rekna eit tillegg til sjølvkostprisen på 20%.
  
Sjølvkostprisberekning er underlagt avtalefridom; kommunen og konsesjonæren står fritt til å avtale pris seg imellom. Dersom ovannemnde døme er røyndom i ei konsesjonssak, bør kommunen/kommunane søkje å løyse dette gjennom ein minneleg utbyggingsavtale. Det er og viktig at det vert nytta eit transparent talgrunnlag som enkelt kan etterprøvast av kommunen. Den endelege berekningsmetodikken bør vere ein del av uttakskontrakten og må kontrollerast kvart år. 

Ein kan og vende seg til NVE dersom ein ønskjer ei utrekning derifrå, men ein må vere klar over at det kan ta lang tid før ein får svar på sjølvkostutrekningar.  NVE kan også gje råd og uttale seg om konkrete prinsipielle utfordringar, til dømes kva for tilsigsserie som skal nyttast som delingsfaktor.

Individuell konsesjonskraftpris-metodikken framgår av den einskilde gjevne konsesjonen. Det er viktig å utarbeide prisprognose for dei næraste tre åra. Ein vil då kunne avbestille kraft før krafta vert ulønsam. Krafta kan som hovudregel avbestillast med to års varsel. Av eldre konsesjonar går det fram at avbestilt kraft ikkje kan tingast på ny medan det i nyare konsesjonar står at avbestilt kraft kan bestillast på ny med to års varsel. Det er tenleg å avklåre dette i den einskilde uttakskontrakten.