Reglane for berekning og fordeling av konsesjonskraft finn vi i diverse rundskriv frå NVE og OED. Dei viktigaste og mest brukte er fylgjande:
- NVE Faktaark 1/2004 Konsesjonsavgifter og konsesjonskraft (PDF, 5MB)
- OED 7/4 2003 Retningslinjer for utregning av OED-prisen (PDF, 657KB)
Utrekningsmetodikk
Konsesjonskraft vert fastsett i kWh med grunnlag i ei teoretisk utrekning av naturhestekrefter som er ulik i vassdragsreguleringslova og i vannfallrettighetslova. NVE bruker historiske tal for målt tilsig på fastsatte målepunkt for å rekne ut konsesjonskrafta, og for tida er det tilsigsserie 1961-1990 som vert nytta.

Fordeling av konsesjonskraft

Kraftauke etter vassdragsreguleringslova er standard utrekning i alle utbyggingssaker heimla i vassdragsreguleringslova. I kraftutbyggingssaker heimla heilt eller delvis i vannfallrettighetslova vert det gjort ei «brutto» utrekning som fører til meir konsesjonskraft ( og konsesjonsavgifter) til kraftverkskommunen/fallkommunen. Magasinkommunens konsesjonskraftvolum er ikkje berørd av denne utrekninga.
Kraftaukeutrekninga i medhald av vassdragsreguleringslova går då til frådrag i brutto utrekninga og ein står att med ei fordeling av konsesjonskraft i medhald av vassdragsreguleringslova og eit netto ervervstillegg som fordelast etter reglane i vannfallrettighetslova.
Dersom det vert gjeve reguleringskonsesjonar som påverkar eit eksisterande kraftverk med ervervskonsesjon, vert det rekna ut kvantum basert på tilleggsreguleringa utan frådrag i tidlegare utrekning av ervervstillegget.
- Døme 1: Iveland kraftverk
Kraftverket utnyttar berre reguleringskonsesjonar. Kraftverket ligg i Iveland kommune og avgjev til saman 20,971 GWh med følgjande fordeling:
![]()
- Døme 2: Hekni kraftverk
Det vart gjeve ein ervervskonsesjon i 1989 i samband med utbygginga- dette fører til at total kraftauke vert 7,7 GWh høgare enn det som er heimla i konsesjonen etter vassdragsreguleringslova- dette utgjer ein auke på ca 20%. Dette gjer og at 2 GWh konsesjonskraft som skriv seg frå konsesjonar gjevne før 10/4 1959 ikkje skal leverast til sjølvkost, men til OED-pris.Samla konsesjonskraft frå Hekni kraftverk er av NVE fastsett til 18,159 GWh.
- Døme 3: Hunsfoss Kraftverk
Det vart gjeve ein ervervskonsesjon i 1986 i samband med eigarskifte. I 2003 vart det rekna ut eit samla volum konsesjonskraft på 9,9 GWh. Av dette er 4,1 GWh ervervstillegg-eller ein auke på om lag 69%. Dette tillegget går til kraftverkskommunen og fallkommunen; i dette høvet Vennesla kommune. Ein ervervskonsesjon/konsesjon etter vannfallrettighetslova vert i konsesjonskraft- og konsesjonsavgiftssamanheng relativt sett meir verdfull jo lenger ned i vassdraget gjeldande kraftverk ligg.
Fordeling mellom kommunar og fylkeskommunar
Dersom det ikkje er inngått privatrettslege avtaler mellom kommunar og fylkeskommunen om ei særskilt fordeling, vert volumet avgrensa av formuleringa i konsesjonskraftvilkåra: «Avståelse og fordeling avgjøres av NVE med grunnlag i kommunenes behov til den alminnelige elektrisitetsforsyning.»