Konsesjonskraftfondet
Den 27. april 1984 vart det halde konstituerande møte i konsesjonskraftfondet. Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS var ein realitet.
Styret for perioden 1984/87 vart slik samansett:
- Gudmund Åkre, SP, leiar
- Asbjørn Andersen, AP, nestleiar
- Sverre Kløvfjell, AP
- Erich Mørch, H
- Kristen K. Flaa, SP
Arne Tronsen blei engasjert som sekretær, og seinar tilsett i deltidsstilling som dagleg leiar.
Konsesjonskrafta var som før nemnt rekna til om lag 460 GWh. Av dette ville om lag 1/3 komme frå Aust-Agder kraftverk sine stasjonar, resten frå andre kraftutbyggjarar.
Før årsskiftet 1984/85 var det kravt uttak av konsesjonskraft frå kraftprodusentar i fem vassdrag: Ulla Førre, Sira Kvina, Otra, Arendalsvassdraget og Tovdalsvassdraget (Uldalsgreina). Ennå var ingen avtale om sal underteikna. Den fyrste avtalen med Aust-Agder kraftverk sikra fondet ei godtgjering på differansen mellom 70/95% av statkraftprisen og sjølvkostprisen. I tillegg fekk fondet 1,15 øre/kWh på frunn av ein god salsavtale kraftverket hadde med Statkraft.
Avtala var sikra i 5 år.
Konsesjonskraftuttaket i perioden ser slik ut i GWh:
Totalt | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
3062 | 46 | 446 | 454 | 476 | 490 | 562 | 588 |
Mål og styring
I vedtektene for konsesjonskraftfondet var føremålet klart. Det var å fremme næringsvirksomhet og trygge bosettingen i kraftutbyggingskommunene.
I samsvar med dette skulle pengane brukast til:
- Næringstiltak i kommunane
- Kommunale utbyggingstiltak
- Fylkeskommunale utbyggingstiltak