1983
Prinsippavtale
Den 15. juli 1983 presenterte utvalet framlegg til prinsippavtale mellom Aust-Agder fylkeskommune og dei 10 aktuelle kommunane.
Hovudpunkta var slik:
- Det vert skipa eit konsesjonskraftfond, som skal stå for uttak og videresal av all konsesjonskraft som Aust-Agder fylkesommune og kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes, Froland, Åmli, Øyestad og Grimstad har krav på.
- Krafta skal seljast (fortrinnsvis) til Aust-Agder kraftverk.
- Kommunar som har rett til uttak av eit konsesjonskraftkvantum innan storleiken på forbruket til alminneleg forsyning, får attendeført heile vinsten.
- Kommunar som har rett på meir enn dette, får attendeført 2/3 av vinsten, medan 1/3 av vinsten skal overførast til Aust-Agder Næringsselskap AS.
Direktør Kvalvaag hadde avvikande framlegg på eitt punkt: Han meinte konsesjonskrafta skulle gjevast til Aust-Agder kraftverk utan vederlag. Kraftverket hadde ansvaret for kraftforsyninga i heile fylket, utanom Arendal, og rimeleg konsesjonskraft ville gje rimeleg kraft til alle.
Kraftutbyggingskommunane kunne få ei viss godtgjering, meinte Kvalvaag. I desember 1983 vedtok Aust-Agder fylkesting avtalen, og i mars 1984 hadde alle 10 kommunestyra gjort positive vedtak.