Heilt frå starten motarbeidde fylkesrådmannen tanken om eit felles fond. Han ville at fylkeskommunen sjølv skulle ta ut sin rettmessige del og bruke inntektene som dei sjølv ville. I kampen fekk han full støtte frå NVE. Det var godt kjent at både NVE og departementet gjerne ville ha vekk heile konsesjonskrafta, og lika svært dårleg det som var i ferd med å skje i Aust-Agder. 

Me som fylgde prosessen, såg tydeleg det politiske spenningsforholdet mellom fylkesrådmannen og fylkesordføraren. Resultatet blei at heile administrasjonen blei parkera i denne viktige saka. Det var sterke politikarar i Aust-Agder den gongen og Sundtoft hadde særleg god støtte frå AP sin gruppeleiar Asbjørn Andersen. Så når kraftkommunane fekk den gåvepakka som avtala gav, så måtte det bli sigar på heimebanen. 

Avtala blir slakta av NVE

I mai 1984 blei NVE orientera om prinsippavtala og vedtektene for konsesjonskraftfondet. Svarbrevet etter handsaming i Hovedstyret 12. november, er at avala står til stryk. 

I brevet heiter det: 

  • Av avtalen og vedtektene fremgår det at fondet skal opptre som et nytt kraftomsetningsledd eller kraftselskap. Dette anser vi for å være meget uheldig.
  • Avtalen fratar alle ikke-berørte kommune rett til å få fordeler av konsesjonskraften. Likeledes fraskriver fylkeskommunen seg i prinsippet deler av sin andel.
  • Til slutt vil vi nevne at tildelingen av kraft til fylkeskommunen også er begrenset til eget behov. Hvis fylkeskommunen overlater sin tildelte kraft til andre enn dde øvrige kommuner i fylket, viser dette at det ikke er behov for kraften, og den kan da heller ikke tas ut. VI må derfor si oss uenig i den ordning som er forelagt oss. 

Fylkesordførar Sundtoft seier at det viktigaste var å få til ei avtale der fylkeskommunen og kraftkommunane kunne samarbeide om bruke an konsesjonskraftinntektene, i staden for å sitte på kvar si tue og bygge opp eigen kompetanse. Kva rettar fylkeskommunen hadde var heller ikkje avklara. 

Kva er fylkeskommunen utan kommunane? - Sundtoft. 

Viktig var det også at inntektene til fylkeskommunen skulle overførast til Aust-Agder næringsselskap AS, der fylkesordføraren var styreleiar. Dei fekk hand om pengar dei bare hadde drøymt om. 

Brevet frå NVE var så surt at det burde fått følgjer. Det er ingen tvil om at både kommunane og fylkeskommunane kan disponere den tildelte krafta som dei sjølve vil. På grunn av det politiske samhaldet i Aust-Agder nådde ikkje byråkratane fram. 

NVE kom tilbake med eit nytt brev, der dei peika på at svaret dei hadde gjeve berre måtte sjåast på som ei meiningsytring.