Fylkesutvalet oppnemnde 10/2 2004 dette forhandlingsutvalet: 

  • Tellef Harstveit, AP
  • Wenche Monrad, H
  • Odd Arild Svaland, SP

Frå kraftkommunane møtte desse: 

  • Steinar Kyrvestad, SP, ordførar i Valle
  • Kay Arne Jeiskelid, H, ordførar i Bykle
  • Sigmund Pedersen, SP, ordførar i Froland
  • John F. Knudsen, H, Åmli

I praksis var forhandlingane eit spørsmål om fordeling av konsesjonskraftinntektene medllom Bykle/Valle og fylkeskommunen. Dei andre kommunane hadde ikkje då kraft ut over eige forbruks som fylkeskommunen kunne ta ut. 

Krava frå fylkeskomunen blir avvist

Fylkeskommunen sette fram konkrete krav til ny avtale

  • Kommunane skulle framleis ta ut konsesjonskraft svarande til alminneleg forbruk + 10 GWh. Av det som blei att skulle fylkeskommunen få 90% og kommunane 10%. 

Ei inntektsprognose for 2004 blei lagt til grunn, og då ville avtala gje fylkeskommunen auka årlege inntekter med 8,8 millioner kroner, og reduserte inntekter til Valle og bykle med 2,5 millioner kroner og 6,3 millioner kroner. Utspelet blei blankt avvist av kommunane. 

Glansavtale for kommunane blir og avvist

3. november 2004 blei det halde nytt forhandlingsmøte. 

I dette møtet blei det lagt opp til at fylkeskommunen skulle få 75%, og kommunane 25% av overskytande kraft, etter at kommunane hadde teke ut si kraftmenge. 

Ei slik fordeling ville gje auka inntekter til fylkeskommunen på 4,8 mill. kroner, medan Valle og Bykle ville misse 1,5 mill. kroner og 3,3 mill. kroner. Heller ikkje dette tilbodet kunne kommunane godta. Dei kravde at den gjeldande prinsippavtala blei ført vidare. 

Fullt brot - Vedtak om å gå ut av konsesjonskraftfondet

Forhandlingsutvalet til fylkeskommunen vurderte situasjonen slik at det ikkje var råd å finne ei løysing på fordelinga av konsesjonskraftinntektene. 

Forhandlingsutvalet til AAF vil på denne bakrunn tilrå at fylkeskommunen trer ut av konsesjonskraftfondet for A-A IKS frå og med prinsippavtalens utløp i 2010

26. april 2005 vedtok fylkestinget i Aust-Agder å tre ut av konsesjonskraftfondet frå 30. april 2010.

Politisk initiativ 

Etter brotet blei det gjort fleire forsøk på å finne løysingar. Men det var fyrst etter valet i 2007 at det blei funne grunnlag for nye forhandlingar med nye kostar. 

I februar 2008 mottok den nye fylkesordføraren, Laila Øygarden, eit brev underskrive av ordførarane i Bykle, Valle og Bygland. Dei syner til eit møte som har vore halde i januar, og kjem med ein klar politisk invitt: Med bakgrunn i møtet mellom dykk og ordførarane frå Bykle, Valle og Bygland ser med det som særs viktig at me kan kome i gang med forhandlingar som gjeld konsesjonskraftinntektene mellom fylkeskommunen og kommunane. Kommunane er innstilt på å møte politisk leiing til slike drøftingar. 

Dette var eit reint politisk initiativ for å finne ei løysing. 

Knuten losnar 

Tre forhandlingsmøte måtte til i 2008 før ei ny avtale var i hamn. 

Frå fylkeskommunen møtte: 

  • Laila Øygarden, AP, fylkesordførar
  • Oddvar Skaiaa, KrF, fylkesvaraordførar
  • Svein Harberg, H, gruppeleiar opposisjon
  • John G. Bergh, ass. fylkesrådmann, har vore utvalet sin sekretær

Frå kommunane har fylgjande møtt: 

  • Bjørgulv Sverdrup Lund, H, ordførar Valle kommune
  • Kay Arne Jeiskelid, H, ordførar Bykle kommune
  • Knut A. Austad, SP, ordførar Bygland kommune
  • Bjørn A. Ropstad, KrF, ordførar Evje og Hornnes kommune
  • Tallak Hoslemo, rådmann i Bykle, har vore utvalet sin sekretær.