Fylkeskommunen vaknar
Heile avtaleverket og salsavtalen med Aust-Agder kraftverk vart justert og endra 1/1 1990. Fylkeskommunen fekk auka sin del av konsesjonskraftinntektene.
Styret i fondet skal ikkje lenger overprøve kommunane sin bruk av inntektene.
AAK og Konsesjonskraftfondet blei samde om ei meir fast godtgjering pr. kWh for heile avtaleperioden. Ny revisjon blei fastsett til 1/1 1995.
Fylkeskommunen krev meir og meir
Det blei meir og meir klart utover i 1980-åra at departementet ville styrke fylkeskommunen sin rett til å ta ut og nytte all konsesjonskraft utover alminneleg forsyning til regional utvikling. Ein glidande prosess har vore i gang i Aust-Agder ved kvar avtalerevisjon. Avtalen pr. 1/1 1995, som gjeld fram til 1/1 2010 vitnar og om det.
- Den enkelte kommune får tildelt i sin helhet konsesjonskraft tilsvarende alminnelig forsyning tillagt 10 GWh.
- For den delen av konsesjonskraften som er større enn det som går frem av pkt.1, skal inntektene fordeles mellom Konsesjonskraftfondet og fylkeskommunen slik:
Konsesjonskraft tildelt Bykle: | Fondet | 41,7% |
---|---|---|
Fylkeskommunen | 58,3% |
Konsesjonskraft andre kommuner: | Fondet | 48,0% |
---|---|---|
Fylkeskommunen | 52,0% |
Endringer i volum etter 1.1.1995 skal fordeles slik: | Fondet | 40% |
---|---|---|
Fylkeskommunen | 60% |
Fylkeskommunen vaknar
Pengestraumen frå konsesjonskrafta har blitt meir og meir viktig for fylkeskommunen, som i dag har ei heilt anna rolle enn då avtala om konsesjonskraftfondet blei vedteken. og i 2003 sett fylkeskommunen fram krav om reforhandling av avtala. Siktemålet for fylkeskommunen var å få ein større del av konsesjonskraftinntektene.