• Alle kraftkommunane, med unntak av Valle og Bykle, skal få inntekter som svarar til alminneleg forsyning + inntil 10 GWh. 
  • Valle og Bykle kan prioritere den rimelegste krafta innan forbruket til alminneleg forsyning. 
  • Overskytande kraft skal delast med 90% til fylkeskommunen og 10% til vedkomande kommune.
  • I tillegg kjem to forpliktande punkt for fylkeskommunen: Aust-Agder fylkeskommune forplikter seg for perioden fra 2010 og til og med 2019 å avsette årlig 10 mill. kroner, til sammen 100 mill. kroner til utbygging av riksveg 9.
  • Det andre punktet gjeld eit årleg tilskot til Setesdal Regionråd på 4 mill. kroner i same 10 års periode. 
Praktisk klokskap og samarbeidsvilje

I motsetning til tidlegare forhandlingsvegkryss syner det seg at kampen nå ikkje står mellom å vinne eller tape, men ha som overordna mål at konsesjonskraftfondet framleis skal vere ein samlande aktør for fylket. Sett frå den ståstaden, viser dei politiske grepa klokskap og samarbeidsvilje. 

Reint juridisk tapar fylkeskommunen inntekter. Tapar gjer også dei store kraftkommunane Bykle og Valle, som må gje frå seg millionar dei hittil har fått. Hadde byråkratiet og juristane fått rå frå grunnen, hadde det blitt to skilde konsesjonskraftmiljø i Aust-Agder.

Den særeigne selskapsavtala Aust-Agder har, kan vise seg å vere ein styrke når motkreftene heile tida prøver å vaske ut dei gamle rettane. 

God avtale for alle partar

Eit kompromiss er ofte ei viljesak, og i dette tilfellet får ein inntrykk av at begge partar har vunne, og då er det ei god avtale. 

Overskytande kraft ut over alminneleg forsyning skal delast med 90% til fylkeskommunen og 10% til kraftkommunen. I forhold til sentrale forskrifter gjev fylkeskommunen frå seg 6,4 mill. kroner (2008), noko som gjev Bykle kommune 4,3 mill. kroner i auka inntekter og 1,5 mill kroner til Valle. 

Eit lite paradoks er at kommunane i forhandlingsmøte 3. november 2004 vraka eit tilbod om deling med 75% til fylkeskommunen og 25% til kommunane. 

Fordeling av inntekter etter gjeldande prinsippavtale 2008: 

FylketBykleValleByglandIveland
32 539 25223 348 6379 186 3143 867 6552 069 998
Evje og HornnesÅmliFrolandArendalGrimstadBirkenes
288 8512 186 6752 794 7891 197 688967 485443 573

Totalt: 78 890 919 mill. kr. 

Den nye avtale gjer at Bykle får redusera sitt kraftvolum frå 177, 8 GWh til 79,4 GWh, og Valle får redusera sitt volum frå 67,9 GWh til 32,7 GWh. Fylkesommunen aukar sitt volum frå 246,1 GWh til 389,9 GWh. 

Bykle og Valle er pengebingen for fylkeskommunen

I 2008 er kommunane Bykle og Valle dei store kraftkommunane som fylkeskommunen får sitt volum frå. Kraftproduksjonen er så stor, og forbruket så avgrensa at i 2008 fekk fylkeskommunen inntektsført 32,5 millionar frå desse kraftkommunane. 

Bykle er ein svært rik kommune. Valle er heller ikkje fattig. 

I Bykle 1/1 2009 budde det 965 innbyggjarar, og folketalet aukar. Det same gjer bruken av straum. I kommunen er det om lag 2400 hytter og fritidshus og straumforbruket har stige frå 37 GWh i år 2000 til 47 GWh i 2008. Og med fleire hytter, boblebad og auka forbruk blir kraftinntektene til Bykle større.