Resultatet blei eit arbeidsutval, som fekk i oppgåve å sjå om det var råd å få til ei heil eller delvis felles utnytting av konsesjonskrafta til fylkeskommunen/kommunane. 

Utvalet fekk slik samansetting: 

  • Kristiand Sundtoft, H, fylkesordførar (leiar)
  • Asbjørn Andersen, AP, medlem av fylkesutvalet
  • Robert F. Kvalvaag, direktør Aust-Agder kraftverk
  • Gudmund Åkre, SP, ordførar i Valle kommune
  • Gunnar Halvorsen, AP, ordførar i Åmli kommune
  • Kåre Ødegård, høgsterettsadvokat

Kontorsjef Arne Tronsen i Bykle kommune møtte og i utvalet. 

Utvalet kom til at konsesjonskrafta frå reguleringar innan Aust-Agder ville utgjere om lag 460 GWh, og videresal ville kunne gje ein god økonomisk vinst både for kommunane og fylkeskommunen.

Ein stor del av denne krafta ville og kome frå andre enn det interkommunalt eigde Aust-Agder Kraftverk. Dermed ville fylket får eit viktig tilskot i sin kraftbalanse.