Denne dammen ville lage eit kjempemagasn, med ei reguleringshøgde på 70 meter i hovuddalføret. Botsvatn, som ligg like vest for Bykil, ville ha blitt oppdemt om lag 40 meter, og blitt ein del av stormagasinet. 

Samla sett ville 6800 dekar bli sett under vatn og 24 gardsbruk ville blitt demt under.

 Riksvegen gjennom Setesdal ville måtte leggast om frå Trydal og førast i to lange tunnelar for så å kome ut att like nedanfor Bykle kyrkje. Lokalsamfunnet, som hadde vore positive til kraftutbygginga, reagera kraftig. Ordførar Gunnar Tveiten meinte damspørsmålet var eit spørsmål om liv og død for heile bygdesamfunnet. 

Eit samla kommunestyre gjekk mot Bykildammen. Det same gjorde Bygland kommunestyre. Men naboen Valle kommunestyre, gjekk inn for konsejson med 15 mot 6 røyster. 

Fylkestinget i Aust-Agder gjekk med 13 mot 10 røyster inn for Bykildammen. DEt same gjorde Kristiansands bystyre, med 39 mot 21 røyster. Bykle blei landskjend desse åra, og motstanden og vitet vann til slutt fram. Ordførar Jon Trydal (SP) fylgde opp kampen til ordførar Tveiten, og det enda med at regjeringa, med statsminister Per Borten i spissen, sette eit endeleg punktum for Bykilstriden i 1969.