Vennesla har om lag 15 000 innbyggjarar fordela på 384 km. Kommunen er ei av dei mest folkerike bygdene i Noreg. Vennesla grenser til Evje og Hornnes i nord, Lindesnes i vest, Iveland og Birkenes i aust og Kristiansand i sør. Vennesla vert rekna som ein del av Kristiansandregionen.

Elva Otra renn gjennom Vennesla kommune, frå Nomeland kraftverk gjennom Steinsfossen og til Vigeland kraftverk. Vennesla har nytta vasskrafta frå tidlig av og det er etablera industri langs vassvegen, og bruken av tømmerfløting til papirfabrikken på Hunsøya står sterkt i Vennesla si historie. Elva Otra fortsetter ut i havet i Kristiansand og er lakseførande opp til demningen til Vigelandsfoss kraftverk. 

Det er ikkje bare kraftverka i Otra som gjev konsesjonskraft til Vennesla. Magasinet Blåsjø med sine tilhøyrande kraftverk i Ulla-Førre gjev også rett på konsesjonskraft. Meir om det på vår faktaside om Ulla-Førre vassdraget. 

Fordeling av konsesjonskraft - Vennesla kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
SaurdalUlla-Førre 0,833
KvilldalUlla-Førre 1,467
HylenUlla-Førre 0,190
IvelandOtra 5,166
NomelandOtra 2,092
SteinsfossOtra 7,572
VigelandOtra 4,435
HunsfossOtra 7,169
Totalt volum Vennesla kommune 28,924

Vennesla kommune er ei bygd som satsar grønt. Sjå Grønn, urban bygd for meir informasjon.