Valle kommune har ca 1100 innbyggarar fordelt på 1265 kvm2. Kommunen grenser til Bykle og Tokke i nord, Fyresdal i aust, Bygland i sør og Sirdal i vest. Busetnaden er spreidd langs Otra og ein har store, flotte heier på aust- og vestsida av dalen. Naturen er viktig for valldølen og hylstringen som brukar heiane både sommar og vinter.  Hovudferdselsåra gjennom kommunen er RV 9 som strekk seg frå Kristiansand til Hovden. Lengda på Valle kommune etter RV 9 er 40 km. 

Vasskrafta har spelt ei viktig rolle i utviklinga av kommunen. Med Otravassdraget og dei tilhøyrande kraftverk er Valle ein vasskraftkommune. Brokke kraftverk ligg på Nomeland på Rysstad og har ei middelproduksjon på 1970 GWh. Sira-Kvina vassdraget mot vest og Finndølavassdraget i aust er også knytta til kommunen. På heiene i aust og vest er det innsjøar, nokre av dei oppdemd til kraftproduksjon og nokre renn ned i dalen som elver og bekkar. På Setesdal vesthei finn vi Roskreppfjorden, magasin for Roskrepp kraftverk, ein del av Sira Kvina-utbygginga. På Setesdal austhei ligg mellom anna magasinet Hovvatn som har sitt utløp i Fyresdal og er ein del av Finndøla i Arendalsvassdraget. Gloppefossen som er 116 meter høg er ein del av Veiåni som renn frå Torvikvatn i Setesdal austhei.  Fossen er eit kjent turmål i kommunen. I utbygginga av Brokke nord (Bykle) blei Gloppefossen skjerma og ein har fortsatt brusande vatn i fossen som renn ut i Otravassdraget.

Rettane frå vasskrafta gjev viktige inntekter til kommunen gjennom ordningar som eigedomsskatt, konsesjonskraft og konsesjonsavgifter. 

Valle kommune er ein av dei fem kommunane i Agder som har eit høgare konsesjonskraftvolum enn dei har forbruk i kommunen. Det betyr at fylkeskommunen forvaltar den overskytande krafta og Valle bidreg då til ei verdiauke i heile Agder-regionen. 

Fordeling av konsesjonskraft - Valle kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
SaurdalUlla-Førre 2,806
KvilldalUlla-Førre 2,934
HylenUlla-Førre 0,361
DugeSira-Kvina 0,879
TjørhomSira-Kvina 0,921
RoskreppSira-Kvina 5,846
KvinenSira-Kvina 9,135
SolhomSira-Kvina 14,251
TonstadSira-Kvina 27,955
Åna-SiraSira-Kvina 3,414
Holen 1+2Otra 3,434
Holen 3Otra 0,495
BrokkeOtra 40,916
BerlifossArendalsvassdraget 0,457
RygeneArendalsvassdraget 0,558
DynjanfossArendalsvassdraget 1,267
ÅmfossArendalsvassdraget 0,078
EvenstadArendalsvassdraget 0,257
FlatenfossArendalsvassdraget 0,153
BøylefossArendalsvassdraget 0,906
FinndølaArendalsvassdraget 4,713
HaukereiArendalsvassdraget 1,656
HekniOtra 4,475
SkargOtra 0,466
Totalt volum Valle kommune 128,330

Valle kommune er medlem av Setesdal Regionråd