Iveland er ein liten kommune på 261 km2 og 1331 innbyggarar. Kommunen grenser til Vennesla i sør og vest, til Evje og Hornnes i nordvest og i aust mot Birkenes. Kommunen har frå eldre tider ein kombinasjon mellom jord- og skogbruk i kommunen, noko so kommunevåpenet skildrar med ein sylvhammar på grønn botn. 

I konsesjonskraftsamanheng er Iveland ein av kommunane som nyttar konsesjonskraft frå Ulla-Førre kraftverka som nyttar vatn som skulle runne ned Otra. I kommunen finn ein ærverdige Nomeland kraftverk, med sin vakre arkitektur. Kraftstasjonen nyttar Nomelandsdammen som demmer opp elva Otra. Nomeland kraftverk er eigd av Agder Energi og er den 11. største i Agder Energi konsernet. 

Fordeling av konsesjonskraft - Iveland kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
SaurdalUlla-Førre 0,833
KvilldalUlla-Førre 0,790
HylenUlla-Førre 0,095
IvelandOtra 5,804
NomelandOtra 2,351
Steinsfoss 2Otra 1,888
SteinsfossOtra 3,068
Totalt volum Iveland kommune 14,829

Kjelder: Agder Energi, Iveland kommune, Wikipedia.