Bykle kommune øverst i Setesdal er ein av dei største vasskraftkommunane i regionen.
Bykle kommune ligg heilt nord i Agder med grenser til Vinje, Tokke, Sirdal, Forsand, Hjelmeland, Suldal og Valle. Kommunen på 1467 km2 har 965 innbyggjarar og to bygdesentra Hovden og Bykle. Hovden er regionens største vintersportssted og blir knytta til regionen gjennom RV9. Kommunens største inntektskjelde er vasskrafta og i konsesjonskraftsamanheng er dei ein av dei største kommunane.
Bykle kommune har store heieområder med store fjellvatn. I meir enn 100 år har kraftutbygging vore viktig, med sysselsetting i store prosjekt og inntekter av kraftproduksjonen. Det vert skapa store verdiar gjennom dei store fjellvatna og neddemde daler i kommunen, ikkje bare til Bykle, men også fylkeskommunen.
I Bykle ligg store dammar spreidd i landskapet og mange av dei er turistattraksjonar. Vatnedalsdammen med ei reguleringshøgde på 140 meter er eit massivt skue, det same med dammen som går over Sarvsjuvet i Bykle bygdesentrum. Lenger inn i heiene finn ein Blåsjømagasinet, ein av dei største innsjøane i Noreg. Blåsjø er hovedmagasin for kraftverka i Ulla-Førreverka i Rogaland og det største kraftmagasinet målt i energiinnhald.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Saurdal | Ulla-Førre | 39,024 | ||
Kvilldal | Ulla-Førre | 67,034 | ||
Hylen | Ulla-Førre | 8,913 | ||
Duge | Sira-Kvina | 8,646 | ||
Tjørhom | Sira-Kvina | 8,419 | ||
Tonstad | Sira-Kvina | 31,253 | ||
Åna-Sira | Sira-Kvina | 3,809 | ||
Holen 1+2 | Otra | 48,130 | ||
Holen 3 | Otra | 24,036 | ||
Brokke | Otra | 79,026 | ||
Iveland | Otra | 8,993 | ||
Nomeland | Otra | 3,643 | ||
Steinsfoss 2 | Otra | 4,495 | ||
Steinsfoss | Otra | 5,774 | ||
Vigeland | Otra | 3,511 | ||
Hunsfoss | Otra | 2,542 | ||
Hekni | Otra | 7,391 | ||
Skarg | Otra | 0,452 | ||
Fennefoss | Otra | 1,174 | ||
Totalt volum Bykle kommune | 356,266 |
Kjelde: Bykle kommune, snl.no, nve.no, wikipedia.no.