Bygland kommune ligg i langs Otravassdraget og er ein del av Setesdal i Agder fylke. Bygland er ein langstrakt kommune med 1150 innbyggjarar på 1311 km2.  Heiene på begge sidene av Otra har mange fjellvatn og innsjøar som renn til ulike vassdrag, mellom anna Sira-Kvina og Mandalsvassdraget. Kommunen grenser til Froland og Evje og Hornnes i sør, Fyresdal og Åmli i aust, Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest og mot nord grenser kommunen mot Valle.

Reguleringsmagasinet Kvifjorden ligg på vestheia mellom Kvinesdal, Sirdal og Bygland og dannar magasin for Solhom kraftverk. I austheia ligg magasinet Hovatn, som har vore regulera heilt sidan 1800-talet og gav straum til kopperverket i Åraksbygda. I dag er Hovatn magasin for Hovatn kraftverk som eiges av Agder Energi. I Byland kommune ligg også Longerak kraftverk som ligg i dalsida på austsida av Byglandsfjorden med tilhøyrande reguleringsmagasin, Langeraksvatn som ligg på Longeraksheia. Kraftverket blei bygd i 1915 og skulle forsyne Landeskogen sanatorium med straum. I dag leverer kraftstasjonen 7 GWh fornybar energi.

Fordeling av konsesjonskraft - Bygland kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
SaurdalUlla-Førre 0,263
KvilldalUlla-Førre 0,225
HylenUlla-Førre 0,038
TjørhomSira-Kvina 0,643
KvinenSira-Kvina 2,977
SolhomSira-Kvina 2,295
TonstadSira-Kvina 3,984
Åna-SiraSira-Kvina 0,486
BrokkeOtra 0,006
HovatnOtra 6,214
IvelandOtra 1,212
NomelandOtra 0,491
SteinsfossOtra 1,384
VigelandsfossOtra 0,473
LangerakOtra 0,874
HunsfossOtra 0,343
HekniOtra 6,406
UlebergOtra 0,439
Totalt volum 28,754

Kjelder: Bygland kommune, ae.no, nve.no, Wikipedia.