Birkenes er ein innlandskommune i Agder som er prega av flott natur og eit vakkert vassdrag som renn gjennom kommunen.
Birkenes med sine 5000 innbyggarar og 640 km2 er ein kommune som ligg inn i landet i Agder fylke med grenser mot Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Froland, Grimstad, Kristiansand og Lillesand kommunar. Landskapsmessig strekker kommunen seg frå flatebygdene i sør heilt til himmelsyna i nord. Kommunen er ein kulturkommune med mange tilbud for born og unge. Sjølv kallar kommunen seg for "sørlandets indrefilet".
Med sine 3 GWh er Birkenes ein av dei mindre kommunane i KIKS. Konsesjonskrafta dei får kjem frå Hanefossen, eit kraftverk i Uldalsvassdraget som er ei sidegrein til det mektige Tovdalsvassdraget.
Kraftverk | Vassdrag | Volum i GWh | ||
---|---|---|---|---|
Hanefossen | Tovdal | 3,301 | ||
Totalt volum Birkenes kommune | 3,301 |
Kilde: Birkenes kommune, wikipedia.no, nve.no, snl.no.