Åseral er ein kraftkommune vest i Agder med om lag 950 innbyggjarar fordela på 887 fjellrike km2. Bygda er eit populært feriemål med store hytteområder og eit rikt aktivitetstilbod både sommar og vinter. Kommunen grenser til Lyngdal i sør, Evje og Hornnes og Bygland i aust og nord og mot vest ligg kommunane Hægebostad og Kvinesdal. 

Som kraftkommune har Åseral fleire kraftanlegg med tilhøyrande magasin. Håverstad, Logna, Smeland og Skjerka ligg innanfor kommunens grenser og skapar store verdiar for kommunen og Agder-regionen. Skjerka er det største kraftverket i Åseral, og utbygginga starta allereie i 1930. Med mektige steinfyllingsdammar er kraftanlegget Skjerka ei oppleving i seg sjølv. Les gjerne meir om kraftverka som ligg i Åseral kommune på Åseral kommunes heimesider.

Fordeling av konsesjonskraft - Åseral kommune
KraftverkVassdrag Volum i GWh
LognaMandal 8,288
SmelandMandal 7,874
Skjerka SKMandal 0,591
SkjerkaMandal 55,707
Håverstad SKMandal 7,625
HåverstadMandal 13,003
BjellandMandal 10,682
LaudalMandal 4,728
IvelandOtra 0,021
NomelandOtra 0,009
SteinsfossOtra 0,024
VigelandOtra 0,008
HunsfossOtra 0,006
UlebergOtra 0,134
Totalt volum Åseral kommune 108,700

Kjelde: Åseral kommune, nve.no, Wikipedia, snl.no.