Digitalt styremøte i Konsesjonskraft IKS
KIKS er godt vand med den digitale kvardagen, og hadde nok ei gong styremøte via Teams.
Administrasjonen og styreleiar Jon Rolf Næss var på kontoret i Valle. Resten av styremedlemene var spreidd rundt i Agder, heilt frå Kvinesdal til Åmli.
Status kraftmarknad har fast plass i våre styremøter, og her finn du pp-presentasjon (PDF, 1MB) frå krafthandlar Sveinung Skjevrak. Sentralt i presentasjonen er den hydrologiske balansen som syner ei normalisering av magasinfyllinga og at snøsmeltinga let vente på seg på grunn av ein kald aprilmånad. I tillegg har vi med ei oversikt over utviklinga på spotprisen for 2021 kor ein ser at spotprisane i Sør-Noreg (NO2) i periodar er høgare enn systemprisen - dette gjev KIKS ein positiv områdedifferanse - som du finn i oversikt på lysbilde sju.