Otra er eit av dei mest gjennomregulerte vassdraga i landet. I heile vassdraget er det 14 reguleringsmagasin. Ni av desse og dei tre største, ligg i Bykle kommune. I Bykleheiane er det bygd store reguleringsmagasin mellom anna Vatnedalsmagasinet og Urarmagasina.  

Vatnet frå dei store reguleringsmagasina i Bykle blir nytta i åtte kraftverk før det renn ut i havet i Kristiansand. I tillegg er det seks mindre kraftverk som brukar vatnet i sideelvene.