Om KIKS
På Agder har dei 19 kommunane med rett til konsesjonskraft saman med fylkeskommunen skipa eit interkommunalt selskap.
Konsesjonskraft IKS er eit unikt interkommunalt samarbeid mellom Agder fylkeskommune og 19 kommunar i Agder.
Samarbeidet starta i Aust-Agder i 1984, og blei utvida med Vest-Agder i 2014. Konsesjonskraft IKS sørger for at konsesjonskrafta blir omsett i marknaden og prissikra i samsvar med den fastsette risikostrategien.
Vi byggjer kompetanse lokalt og arbeider for å trygge konsesjonskraftordninga samstundes som vi skal sikre deltakarane gode og påreknelege inntekter av krafta. Desse inntektene er viktige for både den kommunale velferdsproduksjonen og for utvikling av infrastruktur og næringsliv i regionen.