Tek krafta attende!

Konsesjonskraft IKS har tilsett ny dagleg leiar og to nye medarbeidarar. I tillegg har me fått ny strategi. Det ynskjer me å framheve!
I ei artikkelrekke ynskjer me å presentere oss sjølve, den nye strategien, og frametter vil vi halde fram med jamnlege artiklar om spennande tema.
KIKS er eit interkommunalt selskap som forvaltar konsesjonskraft på vegne av våre deltakarkommunar. I 2025 er vår totale kraftmengde 1036 GWh, altså over 1 TWh! Inntektene frå konsesjonskraftordninga går til kommunane, og gjev spelerom for sine mottakarar. Verdiane vert nytta til det beste for lokalsamfunna og regionen som heilskap.
Gjennom samarbeidet i Konsesjonskraft IKS har kommunane valt at kraftmengda skal selgast i marknaden gjennom ein risikostrategi. Og gjennom strategien vil KIKS også være eit kompetansesenter på kraftrelaterte spørsmål. KIKS vil sikre deltakarane sine verdiar slik at me får tak i all konsesjonskraft til rett tid, nemleg, frå fyrste produserte vassdråpe.
Frametter vil me:
- Presentere den nye administrasjonen.
- Ta dykk med på ei reise gjennom KIKS' utvikling og framtid.
- Forklare korleis me sikrar verdiar for våre deltakarkommunar.
- Og gje eksempler på korleis konsesjonskraftinntektene bidreg til ei lokal verdiskaping.