5,7 GWh konsesjonskraft
Cadre er ein vasskraftprodusent som eig, driv og utviklar småkraft i heile Noreg. KIKS fekk besøke to av deira kraftverk, som gjev 5,7 GWh konsesjonskraft til kommunane.
Cadre er også ein av konsesjonærane i KIKS. Me tek ut konsesjonskraft frå Cadre sine kraftverk som nyttar regulert vatn og som er pliktige å avgje konsesjonskraft til vertskommunane. Selskapet er framoverlent og ser viktigheita i konsesjonskrafta. Det at kommunane skal bli kompansert for dei naturinngrepa som skal til er både berekraftig og verdifullt.
Den 6. februar var heile administrasjonen med Øystein Flåt i Cadre på synfaring i to ulike kraftverk som gjev kommunar i Agder konsesjonskraft:
Flateland Kraftverk blei sett i drift i 2024 og har ein årleg produksjon på 47 GWh. Kraftverket ligg i Evje og Birkenes kommunar. I KIKS tek me ut 3,5 Gwh i ei akonto avtale. Volumet er fordelt mellom kommunane Evje og Birkenes som hhv. fall-, magasin- og kraftverkskommunar.
Vassfossen kraftverk blei sett i drift i 2008, produserar 26,7 GWh og gjev 2,285 GWh konsesjonskraft til Froland kommune som er både kraftverks-, fall- og magasinkommune.
Konsesjonskraft IKS sikrar deltakaranes verdiar ved å take ut konsesjonskrafta frå fyrste produserte vatndråpe. Me samarbeider tett med konsesjonær for å inngå avtaler fram til myndigheitsvedtak er gjort i NVE.
KIKS takkar Cadre for eit godt samarbeid om konsesjonskraft og for ei flott omvisning i kraftverk som skapar verdiar for Agderkommunar.