Til å byggje vidare på det solide grunnlaget som er lagt i selskapet, søkjer vi ein dyktig:

Dagleg leiar

Som dagleg leiar for KIKS vil du få ein spennande og variert kvardag med eit breitt spekter av oppgåver og ansvar. Du vil få hovudansvar for selskapets økonomi og vere ansvarleg for å organisere krafthandelen etter gjeldande strategi.

Dagleg leiar har ei viktig rolle i å forme selskapets strategi og gjennomføre selskapet sin strategiplan. Du vil få ansvar for å gjennomføre vedtatt risikostrategi som gir administrasjonen rammer for korleis krafta skal omsettast i den fysiske og finansielle marknaden, i tillegg til ansvar for finansreglement og forvaltning av reservekapital. Gjennom dette skal vi sikre at inntektene vert påreknelege og forutsigbare. Du vil også få ansvaret for rapportering til styret og representantskapet for å gjere strategiane godt kjent for alle dei får verknad for.

I det daglege vil du samarbeide tett med eit høgt kompetent team av rådgjevarar. Ein viktig del av jobben er å leie dei ansatte på ein god måte slik at dei utvikler seg videre og leverer gode resultat. Du må også sjå til at kjernekompetansen i selskapet er spreidd på fleire personar.

I KIKS har du tett og godt samarbeid med styret og porteføljeutvalget samt representantskapet som utgjer den politiske leiinga og er selskapets øvste organ.

Selskapet forvaltar store verdiar på vegne av deltakarkommunane. Derfor har vi utarbeidet etiske retningsliner og eit verdisett som skal vere fundament for alt vi gjer. Dei utvalde verdiane våre er: TRUVERDE, KVALITET og TRYGGLEIK. Det er viktig at vi etterlever satte verdiar og etiske prinsipp slik at selskapet er ein open og trygg organisasjon. Dei tilsette, saman med styre, porteføljeutval og representantskap står alle for dei tre verdiane våre. Og slik vil KIKS vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane og gjere ein skilnad for deltakarane.
 

Ønska kvalifikasjoner og erfaring

  • Utdanning på masternivå innan økonomi / finans / økonomiforvaltning 
  • Det er ein fordel med utdanning innan leiing og/eller pedagogiske fag
  • Leiarerfaring
  • Sterke analytiske ferdigheter
  • Ei strukturert og resultatorientert arbeidsform
  • Gode kunnskaper i bruk av Excel og Power Point
  • God til å kommunisere, både munnleg og skriftleg. Du må være dyktig på å formidle komplekse saker på ein folkeleg og forståeleg måte.

Det vil være en fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av dess områda; energibransjen, offentleg sektor, økonomiforvaltning og/eller god grunnleggjande matematisk forståing.
 

Personlige eigenskaper

Vi ønskjer oss først og fremst ein dyktig leiar og triveleg kollega. I likheit med oss, er du resultatorientert, har sans for konsesjonskraft og ambisjoner på vegne av deltakarkommunane. Du held høg standard for kvalitet og integritet i arbeidet, og du representerar selskapet utad på ein måte som skapar tillit og mulegheitar. Og ikkje minst - du er ein utprega lagspelar, du er opptatt av å utvikle verksemda og har eit sterkt ønske om å lykkes saman med andre!
 

Vi tilbyr

Som dagleg leiar i KIKS får du ei heilt unik rolle i ei spennande og samfunnsviktig verksemd. Her blir du med på å sikre og forvalte store verdiar som igjen bidrar til at kommunane/fylkeskommunen kan gjere investeringar og tilby eit betre nivå på tenester til innbyggjarane. Du vil bli del av eit stort og sentralt nettverk både i Agder og nasjonalt der du vert godt kjent med politikarar, toppleiarar og anna nøkkelpersonell. I tillegg vil du møte eit spennande miljø hos konsesjonærane i kraftbransjen og få arbeide med mange dyktige fagfolk innan finans og forvaltningsmiljø.

Vi byr på eit svært godt arbeidsmiljø med høgt kompetente medarbeidarar, her møter du ei triveleg og uformell tone. Du vil få ein jobb med god variasjon og stor grad av fridom til å leggja opp arbeidet - ingen dagar er like.

Lønn etter avtale og pensjonsordning i KLP.

Her finn du stillingsannonse og søknadsportal.

Vil du vite meir som stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005, Kjetil Olsen tlf. 907 60 023 eller styreleiar Jon Rolf Næss på tlf. 928 34 567
Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.


I samsvar med Offentleglova §25 kan du søkje om å bli unntatt frå offentleggjering. Du må grunngi ynsket. Om ynsket ikkje blir innvilga, vil du bli varsla slik at du kan få moglegheit til å trekkje søknaden.