Konsesjonskraft IKS

På Agder har dei 20 kommunane med rett til konsesjonskraft saman med fylkeskommunane skipa eit interkommunalt selskap.

Konsesjonskraft IKS er eit unikt interkommunalt samarbeid mellom 20 kommunar og dei to fylkeskommunane på Agder.

Samarbeidet starta i Aust-Agder i 1984, og blei utvida med Vest-Agder i 2014. Konsesjonskraft IKS sørger for at konsesjonskrafta blir omsett i marknaden og prissikra i samsvar med den fastsette risikostrategien.

Vi byggjer kompetanse lokalt og arbeider for å trygge konsesjonskraftordninga samstundes som vi skal sikre deltakarane gode og påreknelege inntekter av krafta. Desse inntektene er viktige for både den kommunale velferdsproduksjonen og for utvikling av infrastruktur og næringsliv i regionen.

Ved hjelp av denne sida kan du finne ut meir om konsesjonskraftordninga, kraftmarknaden og litt om korleis inntektene har ført til vekst og utvikling.

Konsesjonskraft IKS
- vaktar og forsvarar rettane, tek vare på verdien
og fører den attende til deltakarane

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk